Afrikansk dvergeit Bambie Eg heiter Bambie og er av rasen afrikansk dverggeit. Eg kom til garden i februar 2012 saman med bukkekjeet mitt, Julius. Det var litt skummelt å flytje inn i fjoset saman med så mange framande dyr, men nå går det mykje betre. Eg og Julius var så heldige at me fekk med oss vesle Pia, høna vår, som me er så glade i. Ho bur saman med oss i fjoset, slik at eg kan passe på at ho er god og varm om natta.
Vesle bukken min Julius nærmar seg tenåring. Det merkast godt kan du sei, for han er vanskelegare å halde styr på, er ikkje rolig eit sekund! Men han er god da. Hoppar og sprett, og når han er laus ute på gardstunet med ungane er han virkelig i sitt ess:)
Til slutt må eg nemne for dei som ikkje kjenner meg att; eg er altså kjendis. Eg var reality deltakar i Farmen 2011.
Julius Eg er Julius og er fødd i januar 2012. Eg flytte hit saman med mamma og kose høna mi, Pia. Det var bare så spanande!! Og litt skummelt også da. Men når eg skjøna at det skumle ikkje var skumelt, så blei det bare moro!! Her kjedar eg meg aldri!
Når matmor kjem i fjoset om morgonen, så er eg fyrste mann på beina og rooooopar på ho! Eg ropar og ropar og ropar!! Då kjem ho med god frokost som er den beste starten på ein ny spanande dag!!
Når me kjem oss ut på tunet så storkosar eg meg! Eg elskar å springe, hoppe, stange mamma, hoppe på mamma og skremme pusen Kitti! Det er bare sååå moro!! Eg elskar besøk så eg håpar det kjem mange og helsar på oss til somaren :D
LightWeb
Vertskap: Solrunn og Leiv Bjørge, 3840 Seljord, tlf:35050040 nordbjorge@gmail.com