|
Koss ha`me greidd oss i ufredsår forutan desse velsigna dyri? Å kjære du, lær din vesle gut og di vesle gjente bli glad i kyri. Ho tennar livet, det er det store, og mjølk og smør det er gode ord for han som heve ein barneflokk ikring stovebord.
Halvor J. sandsdalen
Dagros:
 Namn mitt er Dagros, og eg er ei telemarksku. Eg er ein ekte telemarking, med mykje energi. Me er ikkje så mange att av rasen i dag, så eg fkjenner meg priviligert som får bu på ein gard som Nordigard Bjørge. Her passar dei godt på oss.
Eg må sei eg synest det er litt moro når eg høyrer bonden Leiv snakke om oss. Me er verkeleg hans store kjærleik. Det er Solrunn og Linn som er med oss i fjoset, og dei steller så godt med oss:) Mjølkar oss morgon og kveld, kjem med mat og kraftfor og slår av ein koseleg prat. Me likar særleg godt å få ein klapp på manken:)
Bonden Leiv har mange historiar om oss! Kom innom garden og hels på, så kjem nok Leiv og Solrunn og ynskjer dykk velkomne til gards:)

"Kom telemarkskyri mi fine rauside, rosut med ryggkvit line Breie horn og rett nakken Stø på klauvi i beitebakken fylde du plassen i hundre år i kongefjøs og i husmannskår"
Halvor J. Sandsdalens dikt til telemarksfeet.
Sjå film frå når kyne kom ut i vår! Klikk her!
|
 Om rasen: Telemarksfeet blei definert som eigen rase i 1865. Drivkraften bak avlsarbeidet var statsagronomen Johan Lindeqvist, opprinneleg frå Sverige. Etter krigen blei Norsk raudt fe introdusera i Noreg, og tradisjonelle norske kurasar gjekk derfor sterkt tilbake.
På 1980-talet blei det sett i gang eit arbeid for å bevare telemarkskua. I 2006 var det registrert 400 dyr av rasen i Noreg, men i januar 2012 melder Norsk genressurssenter at talet er nede i 333 avlskyr av Telemarksfe.  Johan Lindeqvist peika ut telemarksfeet som den mest særmerkte ferasen i landet. Då meinte Selskapet for Norges Vel at telemarksfeet i den "Norske Fjellbuskap" var eit avlsmateriale som kunne nyttast til å vidareutvikle ein god ferase. På futegarden Mæla ved Skien blei den fyrste stambesetninga oppretta, med ti kyr i 1857.
Rasastandard: I samband med innkjøpa til Mæla sette Lindquist klare krav til rasestandard:
"De Køer, som anskaffes til den heromhandlede Stamhjort bør være i Besiddelse af følgende Egenskaber: Legemsbygningen maa være den, som Erfaring har viist at være den bedste for udmerkede Melkekøer, nemlig:
Hovud og kropp: let og fint Hoved med store fremstaaende Øine, fiin Hals, langstrakt Krop med temmelig lige Ryg og forholdsviis lettbygget Fremdel, men bred, dyb og næsten vinkelret Bagdel, fine og forholdsvis mer korte end lange Been, samt lang og fiin Hale. Horn: De maa have fine, fremad, udad og opad bøiede horn. Som bekjendt forekommer der tvende Variationer af den norske Kvægrace, nemlig den hornede og kollede Buskap, hvilke forresten baade med hensyn til Legemsbygning og Egenskaber ere aldeles lige; men Stamhjorden maa nødvendig være ensartet, enten kollet eller hornet, og men har da bestemt sig for at vælge "vænhornede" Dyr. Farge: Af farve maa de være rødsidede, lyst brandsidede eller vakkert rød-droblede, samt have fint rødspragele Hoved med enkelt rød Farve omkring Øine og Mule. Skjønt Farven neppe har nogen Indflydelse paa Kvægets Godhed, saa bør dog en Stamhjord ogsaa i denne Henseende være ensartet, og man har valgt den nævnte Farve fremfor de hos den norske Kvægrace ligesaa almindelig sortsidede, sortdroblede og hvide Farve."
Rasestandarden for den eldste storferase i landets var med dette lagd, og Lindequists krav er også i dag malen for den eksteriørmessige delen av avelen som vert driven på telemarksfeet.
 |