På Nordigard Bjørge Gjestegard er det eit levande gardsmiljø med mange aktivitetar. Kom på besøk når me har opna gardskafèen! Her kan du kose deg og slappe av med kaffe og is, eller gå rundt å bli kjent med alle dyra.
Du kan også bli med på:
Dagleg stell av dyr: På garden kan du bli med oss på det daglege stellet av dyra, slik som mjølking, foring og liknande.
Gardsvandring: Du kan gå rundt på garden å sjå på dei ulike dyra,ein gange tur opp i kulturlandskapet, ta deg ein tur innom kafèen, eller ned til det flotte Sjøormtårnet ved Seljords vatnet.
Kanin tur: Me har kaniner du kan ta med på lufte tur i band etter avtale.
Ponni riding: Hestane Lina og Sletta kan me bruke til ponniriding for born.
Trampoline: Me har trampoline og plan om å utvikle leikeplass med husker og liknande.
Turvegar: Det er fine turstigar i området. Du kan gå i bratt tereng opp til Bjørgefjell eller mindre krevjande stigar ovanfor garden. Hvis du gjeng over vegen, kjem du til ein koseleg turveg som endar på Seljord Camping. Der har dei kjosk, badeplass og båtutleige.
LightWeb
Vertskap: Solrunn og Leiv Bjørge, 3840 Seljord, tlf:35050040 nordbjorge@gmail.com